Så enkelt bestiller du linser

Visste du at vi har nettbutikk for linser? Her kan du enkelt bestille linsene dine og fylle på når det nærmar seg tomt.

I nettbutikken får du ei enkel oversikt over kva type linse du har bestilt tidlegare, og med eit tastetrykk er dei på veg til postkassa di. Du kan velje om du vil betale med kort eller vipps. Det fine med nettbutikken vår er at kontoen din ikkje vert trekt før pakken er på veg i posten til deg.

Nærmar det seg tomt for linser?

Dersom du har laga brukar i nettbutikken ligg detaljane om både styrke og merke på linsene dine der. Her kan du med eit tastetrykk legge til den forrige bestillinga di i handlekorga, og betale med den løysinga som passar for deg. Om du ønsker, kan Coptikk sende deg ei melding når det nærmar seg tomt.

Du får rabatt ved jamnleg linsekontroll

Dersom du har jamnleg linsekontroll får du rabatt på bestillinga di i nettbutikken, i eit år frå forrige sjekk. På ein linsekontroll sjekkar ein mellom anna om styrken i kontaktlinsene er optimale og generell helse på augene. Dette sikrar ei god augehelse, og riktig bruk av linsene.

Om du framleis vil bestille linsene i butikken, hjelper vi deg gjerne.

Aktuelle saker