Kor ofte bør du sjekke synet ditt?
Godt syn er ein viktig faktor for å oppretthalde god livskvalitet, og det er ein stor fordel å få oppfølging av eventuelle utfordringar med synet i ein tidleg fase. Kroppen vår er i konstant endring gjennom livet, og auga våre er ikkje noko unntak. Her får du svar på korleis du kan ta godt vare på synet hos deg og dine gjennom regelmessige undersøkingar hos oss.
Det er fleire teikn på at du bør ta ein tur til ein optikar for å sjekke synet ditt. Opplever du at du må holde tekst lenger vekke for å lese godt, at tekst flyt saman, eller at teksten er uklar, bør du bestille synstest.
Andre vanlege symptom kan vere at du ofte myser for å sjå skarpare, har svie eller ubehag i auga, er følsam for lys, ofte kjenner deg sliten eller har meir hovudverk enn før. Barn og ungdom viser ofte teikn på synsproblem ved å slite med å konsentrere seg i skulearbeidet.
Kor ofte du bør ta synstest varierer ut frå alder – uavhengig om ein har teikn for å sjekke synet ditt. Regelmessig undersøking bidreg til å sikre godt syn og førebyggje plager over tid.
Barn og ungdom
For barn og unge opp til 18 år, er det anbefalt å sjekke synet annakvart år, spesielt dersom det er nokon i familien som har utfordringar med synet. Dersom barnet allereie har vore på undersøking, og har fått seg briller, bør barnet sjekkast årleg for å sjå etter endringar i synet.
Unge vaksne
Fram til du kjem i 40-åra, kan det vere ein fordel å ta ei synsundersøking minst kvart tredje år.
Vaksne
Vaksne opplever ofte større utfordringar etter fylte 40 år, som behov for lesebriller eller databriller. Det er også auka risiko for augesjukdommar i denne delen av livet. Anbefalinga er at ein tar seg tid til ei synsundersøking minst annakvart år, og gjerne årleg om det er funn som må følgast opp.
Kva kan vi gjere for deg?
Optikarane våre kan undersøke, vurdere og behandle synsfeil. Vi tilbyr synstrening og tilpassing av briller eller kontaktlinser tilpassa ditt behov. Vi sjekkar ikkje berre synet ditt, men også helsa til auget. Slike testar kan avdekke teikn på sjukdommar som høgt kolesterol, høgt blodtrykk eller diabetes. Dersom vi finn noko som krev vidare oppfølging henviser vi deg raskt vidare til lege eller augelege.
Hos oss får du ei heilskapleg vurdering for både godt syn og god helse.




