Våre tilsette

Teamet består av tre flinke tilsette som vil hjelpe deg med briller og linser.

Mone Moen

dagleg leiar og optikar

Mone kan undersøke auge, og behandle synsfeil ved hjelp av briller, kontaktlinser eller synstrening. Under synstest tar ho òg undersøkingar som avdekker sjukdomsbilde, til dømes diabetes, blodtrykk og kolesterol. Ved augesjukdommar eller andre sjukdommar kan optikar vise til lege eller augelege. Ho har ein bachelor i Optometri frå Universitetet i Sør-Øst Norge.

Mone brukar sjølv linser, og er god på å tilpasse mjuke linser slik at den passar dine auge. Ho er aktiv og trivs ute i naturen, og her testar ho ut ulike typar sportsbriller som butikken kan levere.

mone@synsenteretfloro.no

Ute Førde

optikar

Ute kan undersøke auge, og behandle synsfeil ved hjelp av briller, kontaktlinser eller synstrening.Ute har jobba som optikar sidan 1980. I 2006 flytta ho frå Tyskland til Svelgen, og har jobba på Synsenteret Florø sidan då. Ute jobbar kontinuerleg med å oppdatere seg på fagkunnskap, og har vidareutdanning i tørre auge, samsyn og synstrening samt OCT.

Visste du at Ute har frelst dei andre tilsette med pretzel som kontorsnacks? I tillegg tek ho alltid med seg kaffi og sjokolade frå Tyskland når ho har vore på besøk der.

ute@synsenteretfloro.no

Ann-Kristin Seilen

kundemedarbeider

Ann-Kristin kjem frå hotellbransjen, med kundeservice i fokus. God kundeservice er viktig for Ann-Kristin og ho kan hjelpe deg med timebestilling, tilpassing av brille og velje ein brille. Ho har eit syn for detaljar, som kjem godt med når ho hjelper med å finne ein brille som passar fjeset ditt og speglar personlegheita di.

Ann-Kristin likar å vere i bevegelse, og du kan plutseleg treffe på ho på eit SUP-brett eller i ein yogatime.

ann-kristin@synsenteretfloro.no