Godt syn frå tidleg alder – støtteordningar og behandling for barn med synsvanskar
Synet spelar ei viktig rolle for læring og utvikling hos barn. Difor er det viktig å oppdage og behandle synsfeil tidleg. Barn kan ha behov for briller for å sjå skarpt, eller behandling for tilstandar som amblyopi – ofte kalla «dovent auge». Heldigvis fins det både gode behandlingsmetodar og offentlege støtteordningar som gjer det enklare for familiar å få hjelp.
Barne- og ungdomsbriller
Frå 1. august 2022 blei det innført ei offentleg støtteordning for barne- og ungdomsbriller som er bestilt gjennom optikar. Ordninga dekker ein del av kostnaden ved kjøp av briller, slik at fleire barn kan få riktig synskorrigering.
Tilskotet blir gitt etter faste satsar som er avhengige av brillestyrken, og beløpet blir trekt direkte frå rekninga hos optikaren når brilla skal betalast. Denne ordninga gjer det enklare for foreldre å sikre at barnet får dei brillene det treng for å sjå godt i kvardagen.
Amblyopi hos barn – tidleg diagnose gir best resultat
Amblyopi, som eigentleg betyr «dovent auge», vil seie at skarpsynet på det eine auget ikkje har utvikla seg godt nok hos barn. Grunnen kan vere skjegling, ein brytningsfeil eller grå stær / uklarheit som hindrar synsinntrykk. Dette kan ein heldigvis korrigere med brille, men ofte må ein i tillegg dekke til det «gode» auget med lapp i ein periode, for å stimulere det amblyope auget til å bli brukt. Det er viktig at ein kjem i gang med behandling så tidleg som råd, då hjernen responderer best i ung alder.
Trening av auge
Det dovne auget må rett og slett trenast opp så raskt som mogleg. Den består som regel av ein kombinasjon av augelapp og brille. Lapp over auget med normalt skarpsyn tvingar hjernen til å bruke det amblyope auget. Ein augelege vil gi instruksjonar om bruken av augelapp og brille. Behandlinga går ofte ut på at ein brukar augelapp nokre timar for dagen, i tillegg til brille.
Kva dekker NAV?
NAV dekker briller som blir brukt til behandling eller førebygging av amblyopi hos barn under 10 år. Les meir om NAV si støtteordning for briller til barn.
Merk at det ikkje finst statlege ordningar for refusjon av sjølve synsundersøkinga, som blir gjennomført hos optikar.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller ønsker å bestille ein time.




